søndag 25. januar 2009

Emo og Knut BFF - søndagskos


Intro

Isbjørnen Knut (Knut der kleine Eisbär)

Avdanka barnestjerne frå dyreparken i Berlin. Sommaren 08 sette han kursen mot Oslo for å starta eit nytt liv. Storbyen i Norge vart diverre ein aldri så liten nedtur for den vetle isbjørnen, og berre dagar seinare tok han toget over fjellet og busette seg på Voss der det er mykje lettare å bli sett og høyrt.

Knut fann seg straks til rette blant dei snødekte fjella.... men likevel var han heimsøkt av ei påtrengjande einsemd.   

(over: Knut reiser frå Oslo S ved godt mot)

Strikka-emoen Emo

Jolafta banka det på døra til Knut. Ute i kulda stod ein strikka-emo og fraus. Berre kom inn du, sa Knut. Så tilbrakte dei kvelden saman med kaffi og jolakaker.

1. joledag sa Emo: du e so snill, Knut, at eg ikkje vil gå.             1. joledag sa Knut: du e so snill, Emo, at eg vil ha deg her.      

Og sånn vart da.